Tilbring laurdagen på Kjødekaien med sauna og salong på Laugaren og Epos.
Forfattar av boka Odelsskam, Maria Lavik og Nattjazz-sjef og småbrukar Jon Skjerdal pratar om å velje mellom by- og bygdeliv, odelskam, tilhøyre og identitet.
Før samtalen kan ein ta sauna i Laugaren, som ligg rett ved sidan av Epos ved Kjødekaien.
BILLETTER HER
Tider:
Sauna: 10 -11:30
Samtale: 11:30 - 12:30
Samlebillett til sauna og salong, eller til berre salong (avgrensa plassar i Laugaren). Lett servering på Epos.
Maria Lavik er journalist og forfattar frå Eksingedalen. Ho er også odelsjente på garden ho vaks opp på, men bur i Oslo. I boka Odelsskam fortel ho om gardsoppveksten og valet mellom odelen og det livet ho har laga seg i byen.
«I femten generasjonar før meg har mine forfedrar lempa stein og slite med jorda slik at dei som kom etter, skulle få eit betre liv. Skal det ta slutt med meg? For eg bur i byen og har bygd meg eit godt liv der.»
Jon Skjerdal er Nattjazz-sjef og gardbrukar. Han deler tida mellom Bergen og Aurland.
Programmet er ein del av Litfest Bydel og er støtta av Kulturrådet.

